Translate

Viktig melding

Status korona 14. mars - oppdatering fra kommuneoverlegen

Oppdatering frå kommuneoverlegen: 

Den siste veka er det etter forholda svært mange som har fått påvist smitte med koronavirus i Noreg. 11.03.20 erklærte Verdas Helseorganisasjon (WHO) dette å vere ein pandemi, det vil seie at det er ein sjukdom som ein no reknar vil ramme mange menneske i alle land i verda, innan kort tid.

Frå 12.03.20 vart det derfor sett i gang omfattande tiltak frå Regjeringa. Dagane før dette vart tiltaka gradvis trappa opp i kommunane, blant anna ved at mange arrangement vart tilrådd å avlyse. Nome og Midt-Telemark kommune sette i gang kriseleiing den 12.03.20, då svært mange både funksjonar og personar i kommunane våre blir berørt av dette. Kommunane må derfor legge til rette for at alle klarer seg best mogleg gjennom denne tida.

Denne veka har det blitt testa 10 personar i Nome, og mellom 15-20 personar i Midt-Telemark (oversikten ikkje heilt klar pr i dag). Det er ikkje påvist smitte i kommunane våre ennå; manglar svar på 1 prøve frå Nome, og truleg 5 frå Midt-Telemark.

Reglane for karantene har endra seg mykje på få dagar. ALLE som har vore i  utlandet utanom Norden, har no karantene i 14 dagar. Minner om kva det tyder:

KARANTENE: Ingen kontakt med andre enn dei ein bur saman med. Frisk luft er lov!- Men ikkje å opphalde seg på stader der det er fleire samla.

TESTING: Reglane for kven som skal testast for koronaviruset, er også endra frå i går, 13.03.20: Dei som er i karantene, og som får akutt oppståande symptom på luftvegsinfeksjon (feber, hoste, sår hals osv), vil ikkje lengre bli testa, med unntak av dei som blir alvorleg sjuke og må vurderast for å bli lagt inn på sjukehuset, samt helsepersonell med nyoppståtte symptom.

Årsaka til at så få blir testa, er at det er mangel på smittevernutstyr både for dei som skal utføre testane, og at me må halde av utstyr til personalet som skal pleie smitta personar når det blir aktuelt. I tillegg fryktar ein mangel på testutstyr på sikt.

Skular, barnehagar, fritidstilbod og ulike arrangement er stengt eller avlyst for å hindre at viruset spreier seg i større grupper. Det er derfor svært viktig at alle avgrensar sosiale aktivitetar mest mogleg. Blant andre Fylkeslegen anbefaler  at barn og ungdom ikkje søkjer seg saman i større grupper, men held seg til mindre grupper på maksimum 2-3 venner samla, og at ein held seg til dei samme dei neste 2 vekene.

Det er viktig å tenke at alt me gjer- og ikkje gjer- framover, kan spare liv, ved at alle gjer enkle tiltak:

  • Hald 1 meters avstand til andre enn dei du bur saman med.
  • HÅNDVASK
  • HOSTEHYGIENE
  • Er du FORKJØLA, HALD AVSTAND til ALLE, særleg eldre og dei som ikkje tåler å bli sjuke.

 

Mvh Kristin Sekse

Tilbakemelding