Translate

Viktig melding

Julehilsen fra Kommuneoverlege og ordfører i Nome kommune

Vi oppfordrer alle til å ta vare på hverandre i jula – ved å holde avstand der det er nødvendig, og være nær der det er mulig.

Til deg som bur i Nome kommune!

Me vil gjerne takke for samarbeidet i året som har gått. Etter at pandemien ramma oss for alvor i mars, har samfunnet og fellesskapet endra seg på mange måtar. For dei fleste var nedstenginga i vår dramatisk og uvant, og læringskurva bratt då heimekontor, digital undervisning, avstandsreglar og ikkje minst smittevernreglar vart innført på kort tid. Det har vore imponerande å sjå korleis alle tilpassa seg alt det nye, både i arbeidsliv og privatliv.

Mange har vore redde for å bli smitta og alvorleg sjuke, medan andre har frykta å bere med seg smitte til sine nære som har risiko for alvorleg sjukdom. Dette har medført at mange har isolert seg mykje over lang tid. Dei fleste er vane med å vere del av eitt eller fleire fellesskap, på skule, i arbeidslivet og på fritida. Når dette blir avgrensa slik som i år, er det naturleg at det påvirkar oss på fleire vis. Kjensla av fellesskap og meining er svært viktig for den psykiske helsa vår, og slik sett rammar pandemien også gjennom tiltaka for å unngå smitte;

Kultur- og næringsliv er særleg hardt ramma, og mange har mista arbeidet.

Oppvekstsektoren, der både barn, ungdom og tilsette har måtta tilpasse seg nye arbeidsmetodar, smittevern og ikkje minst inndeling i kohortar.

Samfunnskritisk personell har også vore i beredskapsmodus i mange månader.

Helsepersonell har brukt mykje tid og ressursar på å oppretthalde gode og trygge tenester for pasientar og brukarar.

Samtidig har nye oppgåver komme til, og me er svært takksame for den store innsatsen som er gjort med handteringa av pandemien; koronatelefon, testing, tilrettelegging på legekontor og avdelingar, smittevernteam, smittesporingsteam osv.

Det er imponerande å sjå kor mange kompetente og engasjerte medarbeiderar me har i kommunen!

Tiltaka har også hatt stor innverknad på privatlivet vårt. Det skal gjerne svært mykje til for at nasjonale myndigheter innfører så inngripande tiltak som det er gjort dette året. Då er det avgjerande at det har den effekten ein ynskjer. Her hos oss har tiltaka så langt hatt den ønska effekten. Det trur me i stor grad skuldast innsatsen de alle gjer med å følge retningslinjer, unngå å ha for mange på besøk, og ikkje minst vaske hender og halde avstand.

Me har håp om at ei vaksine mot Covid-19 vil hjelpe oss ut av pandemien og inn i ein meir normal kvardag igjen. Vaksina er snart på veg, men det vil framleis ta tid før me har fått vaksinert tilstrekkeleg mange. Det har vore aukande smitte både i landet og i Telemark dei siste vekene. Derfor er det svært viktig at me held ut og følgjer opp tiltak og retningslinjer nokre månader til.

Kommunen er førebudd på å handtere smitte, men me håpar å sleppe. Me vil derfor oppfordre til at de tek vare på kvarandre i jula - ved å halde avstand der det er nødvendig, og vere nær der det er mogleg.

Med ynskje om ei god og fredeleg juletid


Vennleg helsing

ordførar Bjørg Tveito Lundefaret og kommuneoverlege Kristin Sekse

 

Tilbakemelding