Korona


28. mai: nye retningslinjer for besøk på institusjoner
19. mai: oppdatering fra kommuneoverlegen
08. mai: ny informasjon under Lundetunet og Ringsevja her
06. mai: oppdatering fra kommuneoverlegen
04. april: ny informasjon under helsestasjon for ungdom her
28. april: ny informasjon under frisklivssentralen her
27. april: informasjon om delvis gjenåpning av kulturskolen
23. april: informasjon om åpning av skoler/sfo
17. aprilInformasjon om åpning av barnehager og skoler

 

Nome kommune følger de nasjonale retningslinjene om smitteverntiltak og andre påbud. De finner du på de nasjonale informasjonslinkene under her. 

Av tiltak som er opp til lokal myndighet har vi vedtak om å stenge fellesanlegg på campingplasser ol.  Les vedtaket her. 

Oppdatering fra kommuneoverlegen

Ofte stilte spørsmål

Nasjonale informasjonslinker:

Folkehelseinstituttet

Helsedirektoratet

Helsenorge

KS.no

Dersom du ikke finner svar på det du lurer på, ring 815 55 015
Man-fre 08-18
Lør-søn 09-16

Tips og hjelp for næringslivet

Er du i karantene eller isolat og trenger hjelp?

For enkle og praktiske oppdrag ring 97 02 47 00

Oppdatering fra kommuneoverlegen:

19. mai 

Testkapasiteten i kommunen er god; det er pr i dag kapasitet til 25-50 prøver dagleg, og kapasiteten kan aukast på kort varsel om nødvendig. Behovet for testing har vore svært lavt dei siste vekene. Då det berre blir utført test av dei som har symptom på luftvegssjukdom, kan det tyde at det er svært lite slike symptom i befolkninga i kommunen. Det er dei siste vekene testa rundt 20personar i veka.

Det ser ut til å vere lite sjukdom i Nome kommune generelt, og me ser førebels ikkje teikn til (auka) smitte etter at skular, barnehagar og samfunnet elles åpna opp igjen. Mykje tyder på at nasjonale tiltak har hatt god effekt så langt, og at mange følgjer dei råda og retningslinjene som er gitt. Eg vil skryte særleg av alle tilsette i kommunen; helse og omsorg, IKT, reinhald og oppvekst, som har lagt ned eit stort arbeid med å tilpasse tenestene til ein ny og krevjande situasjon. Vidare fortener alle innbyggjarane ros for å følgje råd og retningslinjer så langt; det nyttar!  Sjølv om det ikkje ser ut til å vere smitte i området, er det framleis viktig at alle følgjer dei 3 viktigaste tiltaka også inn i sommarmånadene; halde seg heime om ein er sjuk, vaske hender og halde avstand. 

Mvh Kristin Sekse, kommuneoverlege i Nome. 

Info fra kommuneoverlegen

Oppdatering fra kommuneoverlegen 06. mai

Kjære innbyggjarar i Nome kommune

I Nome kommune har det til no vore 7 bekrefta smittetilfelle, 5 erklært friske.

Kva skjer?

Mange lurer på kva som skjer når nokon i området er smitta, og korleis kommunen følgjer opp dette.

  1. Kommuneoverlegen får telefon med beskjed om kven som er smitta.
  2. Smittesporingsgruppa startar arbeidet umiddelbart etter positivt svar på prøve:
    - Smittesporingsgruppa tek kontakt med den smitta og startar å  kartlegge nøye alle moglege nærkontaktar til den smitta. Nærkontaktar er definert som alle som har vore saman med personen med mindre enn 2 meters avstand, i meir enn 15 minutt,  sidan dagen før personen utvikla symptom (feber, hoste, tungpust f.eks).
    - Sporingsgruppa tek også kontakt med arbeidsplassen til den smitta, dersom dette er aktuelt, og informerer om smitte. Arbeidsplassen vil også  følgje opp informasjon om eventuelle nærkontaktar.
    - Vidare blir alle nærkontaktar sett i karantene, og får nøye instruks om å la seg teste dersom dei utviklar luftvegssymptom.

Bekymring

Mange blir bekymra når det kjem beskjed om smitte i området. I slike situasjonar erfarer me at rykte spreier seg  svært raskt. Det er derfor viktig at alle er klar over følgjande:

  1. Kommunehelsetenesta handterer smitte, smittesporing og oversikt over dette, og at både dei som er smitta og nærkontaktar, blir følgt opp.
  2. Ved mistanke om brot på karantenereglane er det politiet som skal ha beskjed om dette.

Hald deg oppdatert

Eg vil oppfordre alle til å framleis følgje med på råd og retningslinjer på www.fhi.no eller www.helsenorge.no , samt oppdateringar på heimesidene til kommunen. Her er det god, faktabasert informasjon om smittesituasjonen, nasjonalt og lokalt.  

Unngå å delta i ryktespreiing! For dei som faktisk er smitta, eller er i karantene fordi dei har vore i nærkontakt med smitta, er dette ei belastning i seg sjølv, og bør ikkje utsetjast for spekulasjonar i tillegg.

Tak vare på deg sjølv og dei rundt deg.
Vask hendene
Hald avstand


Kristin Sekse, kommuneoverlege

Oppdatering fra kommuneoverlegen 27. mars

Det er famleis ikkje nye smittetilfelle i Midt-Telemark og Nome. Det er kun registrert ein person som oppheld seg her som har påvist smitte, men som blir følgd opp av annan kommune. Ved gjennomgang av prøveresultat i dag, er det 105 innbyggjarar i Nome kommune, og 103 innbyggjarar i Midt-Telemark kommune, som har testa negativt. I tillegg er det 13 personar frå andre kommunar som har vorte testa her fordi dei arbeider eller har fastlege her, alle negative. Den siste veka har det blitt testa ganske få; 8 i Nome og 5 i Bø, delvis fordi ein måtte ha ein pause i testinga pga mangel på laboratorieutstyr nokre dagar.

Kva har skjedd sidan sist:
​Testing: Fleire har blitt testa for viruset, dei fleste helsepersonell med luftvegssymptom. På den måten har me me fått avklart at dei kan gå tilbake på jobb når dei er friske, utan å vere redde for å smitte brukarar, pasientar og kollegaer med koronaviruset.
​Legekontora har rigga til eigne mottak for testing og undersøking av pasientar med luftvegssymptom. Mottaket for desse pasientane er plassert utanfor sjølve legekontora, og har særskilt nøye reinhald. Med desse tiltaka vil alle legesentra vere trygge for alle å besøke utan å bli smitta.
NB! Legekontora er åpne og i vanleg drift! Har du behov for legehjelp eller kontroll hos fastlegen, er det god kapasitet til dette, slik situasjonen er i dag. Det er heller ikkje fare for smitte på legekontoret, jamfør tiltaka nemnt over.
Sjukeheimar og institusjonar er stengte for besøkjande, med enkelte unntak. Dette er for å beskytte dei aller mest sårbare pasientane, i størst mogleg grad.
​Store deler av samfunnet er stengt ned, og sosial kontakt er sterkt redusert. Dette vil vedvare til over påske, kanskje lengre. Det er usikkert kva effekt dette vil ha på smittespreiinga i samfunnet. I skrivande stund kan det sjå ut til at det har noko effekt, særleg  med tanke på at det td kan ha forseinka spreiing til våre kommunar. Slike tiltak er svært kostbare både for samfunnet og for mange som har det vanskeleg frå før, og styresmaktene må vurdere fortløpande om dette blir for kostbart i lengda.
Kva gjer me framover:
​Kommunane førebur seg no på å kunne ta vare på både smitta som treng pleie, samtidig som me skal oppretthalde så normal drift som mogleg. Me har kartlagt kva kompetanse og ressursar me har, og kva me vil trenge i ulike situasjonar. Det er vanskeleg å spå korleis det blir, men me håpar på det beste, og planlegg for det verste. I tillegg vert det gjort risikoanalyser for dei ulike scenaria, noko som er svært viktig for at både tilsette og pasientar skal føle seg trygge.
​Kartlegginga som er gjort så langt, har vore svært nyttig. Det har blitt synleg at me har mykje viktig og god kompetanse i kommunen. Tilsette stiller opp og kjem med verdifulle tilbakemeldingar. Hovedverneombod og hovedtillitsvalte har også komme med i kriseleiinga, og gjev viktige bidrag til at dei som skal utføre arbeidet kan føle seg trygge.
 
​Det er også etablert gode samarbeidsarenaer med Fylkeslege, sjukehusa og nabokommunar. Dette er verdifullt for alle partar, både med tanke på at me hjelper og utfyller kvarandre.
 
Over heile landet er det vanskeleg å få tak i smittevernutstyr. Det er avgjerande for å kunne hjelpe dei som er smitta og sjuke, at personlet har tilstrekkeleg og godt smittevernutstyr. Me har ein del på lager framleis, men ville gjerne hatt litt meir å gå på. Her ynskjer me hjelp frå private eller bedrifter som kan ha slikt utstyr med rett kvalitet på lager.
 
Mange er engstelege for smitte, eller for å smitte andre som kan bli alvorleg sjuke. Det florerer med ekspertar av alle slag i media, som svingar frå at me ikkje gjer nok, til at me gjer altfor mykje. I tillegg ser me helsevesen i andre land som kollapsar under den byrden koronaviruset skaper, og der mange døyr fordi dei ikkje får hjelp. Det er fleire faktorar som gjer at eg vurderer at me ikkje kjem til å havne i ein slik situasjon her i Norge:
-I motsetnad til ein del andre land, har me ei godt utbygd, og profesjonell, primærhelseteneste; blant andre fastlegar og godt drivne sjukeheimar, som kan avlaste sjukehusa.
-Forskjell i bumønster for storfamilien; i mange land bur mange familiemedlemmer saman. Dette ser ut til å vere ei ulempe med tanke på koronavirusepidemien og smittespreiing frå dei yngre til dei eldre spesielt.
-Me er relativt få menneske som bur spreidd, noko som truleg er ein fordel.  
-Folkehelseinstituttet: Eg vil framheve Folkehelseinstituttet vårt som ein viktig faktor. Fleire av ekspertane som uttaler seg i media, har sjeldan sett på heile det samansette biletet, lest alle artiklane og har sjeldan hatt ressursar til å sammenfatte all kunnskapen som Folkehelseinstituttet har. Det er store mengder data som skal samanfattast og kvalitetssjekkast, for å kunne gi råd om det dei meiner er rett å gjere til eikvar tid.
Folkehelseinstituttet gjev oss svært klare føringar for kva kvar enkelt faktisk kan gjere noko med sjølv, og kva som vil vere utanfor vår kontroll å gjere noko med. Sistnemnde anbefaler eg å prøve å legge til side, då det tek svært mykje tid og krefter.
Det kvar enkelt kan bidra med, er

  • ​Å vaske hendene ofte.
  • ​Å hoste/nyse i albogekroken.
  • Halde avstand til andre.
  • Følgje karantenereglar .

Ta vare på kvarandre, gjerne digitalt, på telefon, eller utandørs på god avstand. Det er mykje god helse i ein flott utsikt, ein tur i skogen eller på fjellet, og det å oppleve at våren er på veg!

God helg!

Oppdatering fra kommuneoverlegen 14. mars

Den siste veka er det etter forholda svært mange som har fått påvist smitte med koronavirus i Noreg. 11.03.20 erklærte Verdas Helseorganisasjon (WHO) dette å vere ein pandemi, det vil seie at det er ein sjukdom som ein no reknar vil ramme mange menneske i alle land i verda, innan kort tid

Frå 12.03.20 vart det derfor sett i gang omfattande tiltak frå Regjeringa. Dagane før dette vart tiltaka gradvis trappa opp i kommunane, blant anna ved at mange arrangement vart tilrådd å avlyse. Nome og Midt-Telemark kommune sette i gang kriseleiing den 12.03.20, då svært mange både funksjonar og personar i kommunane våre blir berørt av dette. Kommunane må derfor legge til rette for at alle klarer seg best mogleg gjennom denne tida.

Denne veka har det blitt testa 10 personar i Nome, og mellom 15-20 personar i Midt-Telemark (oversikten ikkje heilt klar pr i dag). Det er ikkje påvist smitte i kommunane våre ennå; manglar svar på 1 prøve frå Nome, og truleg 5 frå Midt-Telemark.

Reglane for karantene har endra seg mykje på få dagar. ALLE som har vore i  utlandet utanom Norden, har no karantene i 14 dagar. Minner om kva det tyder:

KARANTENE: Ingen kontakt med andre enn dei ein bur saman med. Frisk luft er lov!- Men ikkje å opphalde seg på stader der det er fleire samla.

TESTING: Reglane for kven som skal testast for koronaviruset, er også endra frå i går, 13.03.20: Dei som er i karantene, og som får akutt oppståande symptom på luftvegsinfeksjon (feber, hoste, sår hals osv), vil ikkje lengre bli testa, med unntak av dei som blir alvorleg sjuke og må vurderast for å bli lagt inn på sjukehuset, samt helsepersonell med nyoppståtte symptom.

Årsaka til at så få blir testa, er at det er mangel på smittevernutstyr både for dei som skal utføre testane, og at me må halde av utstyr til personalet som skal pleie smitta personar når det blir aktuelt. I tillegg fryktar ein mangel på testutstyr på sikt.

Skular, barnehagar, fritidstilbod og ulike arrangement er stengt eller avlyst for å hindre at viruset spreier seg i større grupper. Det er derfor svært viktig at alle avgrensar sosiale aktivitetar mest mogleg. Blant andre Fylkeslegen anbefaler  at barn og ungdom ikkje søkjer seg saman i større grupper, men held seg til mindre grupper på maksimum 2-3 venner samla, og at ein held seg til dei samme dei neste 2 vekene.

Det er viktig å tenke at alt me gjer- og ikkje gjer- framover, kan spare liv, ved at alle gjer enkle tiltak:

  • Hald 1 meters avstand til andre enn dei du bur saman med.
  • HÅNDVASK
  • HOSTEHYGIENE
  • Er du FORKJØLA, HALD AVSTAND til ALLE, særleg eldre og dei som ikkje tåler å bli sjuke.


Mvh Kristin Sekse

Oppdatering fra kommuneoverlegen 12. mars
  1. Følg info fra Folkehelseinstituttet på www.fhi.no
  2. Ved mistanke om og symptom på influensa/ Korona-smitte ring legekontoret eller legevakt (116117) først av alt. NB: Det gjelder folk som har vært i deler av verden som har fått bekreftet Korona-virus.
    Ikke ring nødnummeret.
  3. Vask hendene godt. Bruk antibac. Host i albuen og ikke i hendene.

Det er innført restriksjoner av besøkende til sykehjem. Les mer her:

Informasjon om restriksjoner av besøkende til sykehjem. (PDF, 501 kB)

"I løpet av veka har det vore mange som har testa positivt for koronavirus-sjukdom i Noreg. Helsedirektoratet melder 05.03.20 kl.18.00 at det er rapportert om 86 tilfelle i Noreg. 67 er smitta utanlands, og 16 er nærkontaktar av bekrefta tilfelle. Det er ikkje meldt om tilfelle med alvorlege symptom. 

I Midt-Telemark kommune har det vore testa 1 person med negativ test. I tillegg har det i dag blitt teke 2 prøver som det ikkje er svar på ennå; ein av dei med symptom etter opphald i område med smittespreiing, og ein som kanskje har vore i kontakt med person med positiv prøve. Personane som blir testa, vert sett i karantene saman med familiane sine, i påvente av prøvesvar.

I Nome kommune har ein person testa negativt etter opphald i utlandet, og ein person er i karantene utan symptom etter opphald på OUS øyeavdeling.

Etter nye retningslinjer som kom 01.03.20, vert dei som arbeider i helse og omsorg i kommunane, og som har opphalde seg i område med vedvarande smittespreiing, bede om å ikkje arbeide med pasienter i 14 dagar etter heimkomst.

Hovudoppgåva no er å prøve å avgrense spreiing av viruset. Dersom epidemien går over i ein fase der det ikkje lengre er mogleg å avgrense spreiinga, må ein førebu dette godt. Derfor er kommunar og fylke no i beredskap, slik at samfunnet skal fungere best mogleg sjølv om  mange tilsette skulle bli sjuke samtidig. Det er særleg viktig å hindre at eldre og kronisk sjuke blir smitta, då koronaviruset vil kunne medføre alvorleg sjukdom for desse.  

Mange uroar seg for om dei kan vere smitta, og eventuelt om dei kan ha smitta andre. Kommunen held seg strengt til råda som er gjeldande til eikvar tid frå Folkehelseinstituttet, blant anna fordi det er svært avgrensa lager av smittevernutstyr. Det inneber følgjande:( www.fhi.no )"

Definisjon av et mistenkt tilfelle:

Pasientar med akutt luftvegsinfeksjon med minst eitt av følgjande symptom: Hoste, kortpusta, feber, og som i løpet av dei siste 14 dagane før symptoma kom, oppfyller minst eitt av følgjande kriteria:

  • Har vore i Områder med vedvarende spredning av koronaviruset (utbreidd i enkelte regionar i fastlands-Kina, Iran, Sør-Korea og regionar i Nord-Italia. Spreiinga reknast å vere LOKAL i Hong Kong, Singapore og Japan. Opphald kun på flyplass i desse områda er rekna for å vere lav risiko og gjen i hovudregel IKKJE grunnlag for testing eller arbeidsrestriksjonar.
  • Har vore i nærkontakt med eit bekrefta tilfelle av korona-virus infeksjon (SARS-CoV2).

Det inneber også at følgjande personar IKKJE skal testast, slik retningslinjene er akkurat no:

  • Personar som har symptom, men som ikkje har vore på aktuelle stader med smittespreiing.
  • Personar som har vore i nærkontakt med personar som har opphalde seg i område med smittespreiing, men som ikkje har hatt symptom, eventuelt før dei har fått symptom.
  • Personar som er i familie med, eller har vore på skule eller i barnehage med- personar som ikkje har hatt symptom, men som anten er i karantene og/eller har blitt testa fordi dei har utvikla symptom.

Hovudregelen er at personar som ikkje har symptom, ikkje er rekna å vere smitteførande.

Merk at dette kan endrast; det er Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet som har oversikt over situasjonen, og kan endre retningslinjene raskt dersom situasjonen nasjonalt tilseier det."

Informasjon til befolkningen fra Helsedirektoratet:

Du finner informasjon og konkrete råd om koronaviruset på våre nettsider og på helsenorge.no. 

Dersom du ikke finner svar på det du lurer på, kan du ringe informasjonstelefonen på 815 55 015.

Hvis du tror du er smittet, ring fastlegen din. Hvis du ikke får tak i fastlegen, ring legevakt på 116117.

Helsedirektoratet har laget en informasjonsfilm om koronaviruset.

Råd og informasjon til befolkningen om nytt koronavirus (coronavirus)


Kristin Sekse
kommuneoverlege Nome og Midt-Telemark

 


Ofte stilte spørsmål:

Korona

Kan jeg reise til hytta i Nome?

Ja. Det nasjonale forbudet mot å overnatte på fritidseiendom i annen kommune enn folkeregistrert kommune er opphevet fra 20. april.

Oppdatering 17. april 2020: VEDTAK OM STENGING AV FELLESANLEGG PÅ CAMPINGPLASSER O.L.

For å hindre spredning av Covid-19, fatta kommuneoverlegen i Nome 17.04.20 følgende vedtak jfr. smittevernlovens § 4-1 5. ledd, jfr. 1. ledd:

For å stoppe spredning av koronavirus gjør kommuneoverlegen 17.04.2020 følgende vedtak, etter smittevernloven § 4-1, gjeldende campingplasser o.l:

1) Felles sanitæranlegg, kjøkken og oppholdsrom ved alle campingplasser og gjestehavner i kommunen skal være stengt.

2) Overnatting på campingplasser i kommunen er tillatt i boenheter, campingvogner, bobiler og tilsvarende som har et toalett og kjøkken. Vedtaket har virkning fra vedtaksdato og gjelder inntil nytt vedtak er fattet.Vedtaket gjelder fra 17.04.20 inntil nytt vedtak foreligger.

 

Jeg jobber i en annen kommunen. Kan jeg reise fram og tilbake til Nome?

Ja. Vi holder oss til de nasjonale retningslinjene, og har ingen begrensninger på innreise til Nome fra andre kommuner.

 

Hva er forskjell på karantene og isolering?

Hentet fra fhi.no:
Det er per 16.03.2020 tatt i bruk 3 nivåer av sosial distansering i samfunnet.

Tiltakene er strengere jo større smittefare du kan utgjøre. Befolkningen generelt er ikke i karantene, men skal holde større avstand enn vanlig. De som kan være smittet, men ikke er syke, er i karantene. De som er syke skal være i isolering.

 

Tiltak som gjelder befolkningen generelt

  • Hvis du får feber eller luftveissymptomer skal du være hjemme til ett døgn etter at du er frisk.
  • God hånd- og hostehygiene, prøv å unngå og ta deg i ansiktet.
  • Dere som bor sammen kan omgås normalt, utover det begrens håndhilsing, kyssing og klemming.
  • Hold avstand til andre, både på jobb, ute og andre steder du oppholder deg.
  • Begrens antall personer du har nær kontakt med, og får besøk av, til noen få av gangen.
  • Friske barn kan være sammen, men i små grupper og både ute og inne.
  • Utsette større sammenkomster som ikke er nødvendige.
  • For deg som tilhører en risikogruppe er disse rådene ekstra viktige.
  • Pass på hverandre, unngå stigmatisering og utestenging. Kjenner du noen som bor alene så ring litt oftere enn før.

Hjemmekarantene

Personer som er blitt satt i hjemmekarantene er friske, men har vært i en situasjon der smitte kan ha skjedd. Dette gjelder for de som er i hjemmekarantene:

  • Skal ikke gå på skole eller jobb.
  • Dere som bor sammen kan omgås normalt.
  • Skal ikke ta lengre reiser innenlands eller reise utenlands.
  • Skal ikke ta offentlig transport.
  • Bør unngå steder hvor det er vanskelig å holde avstand.
  • Skal som hovedregel ikke oppsøke offentlige steder, slik som butikker og kafeer. Ved mangel på alternativer, kan du gå ut for å gjennomføre nødvendig ærender i butikk eller apotek, men du må sørge for å holde tilstrekkelig avstand (det vil si 1-2 meter) til andre og unngå kø.
  • Kan gå tur ute, men hold minst 1, og helst 2 meters avstand til andre.
  • Skal være årvåken på egne symptomer. Ved feber eller luftveissymptomer, skal du isolere deg så snart som mulig.

Hovedpoenget med karantene er å sikre at du ikke smitter andre før du selv utvikler symptomer, men det må også være praktisk gjennomførbart.

De som bor sammen med en person i hjemmekarantene skal ikke være i hjemmekarantene, men skal som alle andre i befolkningen følge med på egne symptomer.

Personer som er helt nødvendige for å kunne opprettholde forsvarlig drift knyttet til liv og helse kan bli unntatt fra karanteneplikten når de er på jobb.

Hjemmeisolering

De som får påvist eller testes for covid-19 må isoleres – hjemme, i helseinstitusjon eller et annet sted. Dette gjelder for personer i isolering: 

  • Skal ikke gå ut.
  • Hold helst 2 meters avstand til de du bor sammen med når det er mulig.
  • Hvis mulig, eget rom og bad. Bruk egne baderomsartikler, som for eksempel håndkle.
  • Hjemmet bør rengjøres hyppig.
  • Ring helsevesenet ved behov for legehjelp.
  • De du bor sammen med skal være i karantene.
  • Isoleringen varer til legen sier at du er smittefri, normalt 7 dager etter du er helt frisk.
Brosjyre og video med informasjon om hjemmekarantene og isolasjon på ulike språk
Barnehage- og SFO-regning

Barnehagene har nå startet opp igjen, og det sendes ut regning for barnehage og SFO i slutten av april.

Denne regninga er betaling for mai. Vi trekker fra den perioden i mars det var stengt, og legger til den perioden i april vi holder åpent. 

Vi trekker fra halve betalingssatsen for mat for mars, og vi fakturer ikke for mat fremover så lenge vi ikke serverer mat. 

___________________________________________________________________

Barnehage og SFO-regning med forfall 20. mars:

Vi vet at det vil bli en tøff økonomisk situasjon for mange fremover, og vi har endra betalingsfristen på regningen som ble sendt ut for mars måned til 20. april. Av praktiske hensyn må alle betale regninga som allerede er sendt ut. Vi trekker ifra dette på neste regning, så dere vil få en lavere regning da. Vi vet ikke hvor lenge vi må holde stengt, men vi vil ta hensyn til dette ved utsending av neste regning.  Det betyr at ingen, når denne situasjonen er over, skal ha betalt for barnehage- eller SFOtilbud som ikke er gitt.

Jeg føler meg syk - hva gjør jeg?

IKKE MØT OPP PÅ LEGESENTERET! Du utsetter veldig mange for smitte dersom du er smittet av korona-viruset! 

  • Hvis du er syk, hold deg hjemme.
  • Hvis du er syk og trenger legehjelp, eller har behov for individuell helserådgivning, kontakt fastlege på telefon 35 00 86 00 eller elektronisk.
  • Har du behov for akutt helsehjelp og ikke kommer i kontakt med fastlegen, ring 116 117.
  • Det er kun ved livstruende sykdom eller skade 113-nummeret skal ringes. Dersom det er nødvendig: gi beskjed om du har følgende symptomer: hoste, feber eller tung pust. 
Arbeidstaker, arbeidsgiver eller selvstendig næringsdrivende og har spørsmål i forbindelse med korona?

NAV har opprettet en side hvor du som er arbeidstaker, arbeidsgiver eller selvstendig næringsdrivende kan få svar på spørsmål om koronaviruset og hva som gjelder i din situasjon: 

Spørsmål og svar i forbindelse med koronaviruset